6. | Knut Olsen EGGE was born on 27 Nov 1904 in Egge 24/1 Midtre Vs (son of Ola Knutsen EGGE and Marit Trondsdtr TØRSTAD); died in 1999 in Egge 24/1 Midtre Vs. Notes:
Han var som faren kommunepolitiker. Han overtok gården i 1927, og ga den videre til sin svigersønn Magne Kjøs i 1962 Minneordene er skrevet av barnebarnet Nils E Rogn. Minneord i "Valdres" 22. Januar 1999, skrevet av Nils Rogn Marit og Knut Egge
Så er dei borte båe to, dei som for oss elleve barnebarn var ho mor og han far på Egge. Me fekk heldigvis ha dei hjå oss lenge, 94 år som dei vart båe. Heile 18 oldebarn vart det også etter kvart. Dei fire jentene deira; Marit, Guri, Olga og Ann e har sytt for at etterslekta vaks!
Han far vaks opp i lag med fem systrer på Midtre Egge Øvst i Ellestadbygda. Mor hans døydde då han var berre sju år, så far hans vart åleine om barnepass og gardsdrift. Som einaste guten vart det difor tidleg ein lang arbeidsdag for han far. Men i 1927 gifte han seg med henne mor som kom frå øvre Helle i Høresbygda, sli k at dei vart to om arbeidet. Dei overtok gardsdrifta same året, og buskapen var i mange år kyr og sau. Etter ei tid vart det også rev på garden, og det gav mellom anna høve til ein og annan byturen med skinn. Når karane i grenda, gjerne med han Nils Egge i spissen, ordna seg ei'n bil full med skin n og drog til hovudstaden, var nok det ei storhending i kvardagen. Her trefte dei på oppkjøparar som prøvde å lure dei så godt dei kunna. Men det var nok ikkje så lett! Og etter ein god skinnhandel tenkte han far alltid på jentene sin heime med tøy og nye klede.
Det var alltid gjævt for oss barnebarna å få koma på besøk til Egge. Ho mor trakte og serverte oss etter alle kunstens reglar, og han far likte godt å ta ei kasine eller ein 500 med oss. Som regel slo han oss grundig!
På stølen i Strø var det ekstra gjævt å få koma. Her treivst dei no sjølve også svært godt. Sumardagane dei hadde i lag der langt vest i fjella var noko dei stadig prata om på sine eldre dagar. Han far viste også interesse og engasjement langt vidare enn den nærmaste familie. Han tok del i kommunepolitikken for Venstre og skreiv i "Vald res" og årboka til Valdres Historielag. Han las mykje og kunne også lange dikt heilt utanåt, slik som Terje Vigen og visa om Titanic's forlis. Det var stort for han å få oppleva filmen om dette på Fagernes i fjor. Gode historier og småstubbar var også eit varemerke, særleg hadde han mange gode rispo etter naboen sin, han Nils. Når han fortalde desse historiene, lo han så godt. Sjølv om ha n sikkert hadde fortalt dei 100 gonger før, levde han seg inn att i dei for kvar gong. Med perfekt handskrift har han heldigvis skrive mykje av dette ned for ettertida.
Heile 70 år fekk dei rusle i lag desse to, og til sist kunne dei feire det som blir kalla krondiamantbryllaup. Sist på kom ho mor på Sjukeheimen i Slidre, og fekk godt stell der. Han far var også innom av og til på avlasting, men treivst best he ime. Her fekk han det aller beste stellet av eldstejenta Marit og svigersonen Magne, noko han sette stor pris på.
Når dei no båe er borte vil minnene for alltid leva vidare hjå oss som er att. Dei har no funne si kvile i lag på kyrkjegarden ved Lomen kyrkje. Ho mor kom dit ein regn tung septemberdag i 1997, og ein gnistrande kald januardag no nyleg følgd e han far etter. Men om det er her støtta står, er det nok på Egge og i Strø dei vil leva vidare.
Finare himmel enn i Strø kunne dei vel ikkje tenkje seg! Det har han far skrive så fint om i diktet han laga innpå 90 år gamal. Dette ville han ha lese opp som ei siste helsing til mor då ho gjekk bort, og då passar det godt å nytte det når ha n no sjølv nyleg følgde etter. Nils
Ein hyllest til Strø av Knut O Egge:
Det var så god ein kvilestad, i Strø ved Helin fjord, Her var eg atter ung og glad Som barnet hjå si mor.
For meg var noko då så kjær alt i mi fyrste tid, eg tykte at den grenda der og himlen var så vid.
I ungdoms tid eg aldri fann så gjæv ein stad som her, og aldri, aldri gløyma kan kvar enn nå vegen ber.
Mi første tid eg tenkjer på når livet er på hell, dei gode minner herifrå frå fjord og li og fjell.
Ja, lier eg fann så god ei kvil eg sovna trygg kvar kveld, når sola glødde med ein smil bak gamle Grindafjell.
Med Åkslefjell og Nøsakamp på vakt som vernar støl og grend, og midt i dal med same takt den trauste Klanten stend. K. 0. Egge
Occupation:
grb
Knut married Marit Olsdtr Framstad HELLE in 1927. Marit (daughter of Ola Person Dy FRAMSTAD and Guri Olsdtr LYKKEN) was born on 5 Dec 1902 in Helle 106/1, Uppigarden Øvre Helle; died on 25 Aug 1997 in Egge 24/1 Midtre Vs. [Group Sheet] [Family Chart]
|