1910 - 1998 (88 years)
-
Name |
Randi Olsdtr THUNE |
Birth |
13 Apr 1910 |
Tveitholene 90/8 Øvre |
Gender |
Female |
Residence |
Høyme 7/1 Nedre Vs |
Death |
24 Sep 1998 |
Høyme 7/1 Nedre Vs [1] |
Notes |
- Ei god og strevsam mor er reist frå oss. Torsdag 24. september sovna ho inn på Vestre Slidre sjukeheim, med mange av sine kjære rundt seg. Ein føler seg so fattig på ord når ein skal prøve å tolke livsverket til Randi, med hennar mange og dugand e arbeidsdagar. Ho var født i 19I0 i Øvre Tveit, som ligg opp for Tveitabrui i Vang. Og ho nådde ein alder på 88 år.
I 1931 vart ho gift med Andris Høyme og vart soleis gardkjerring på denne fine garden "norda berge", som det heiter i daglegtale. Dei fekk ni barn saman, tre gutar og seks jenter. Og til si store og tunge sorg mista dei to av desse gjeve småjent ene sine med berre to års mellomrom, seks og to år gamle. Båe døydde av blindtarmbetennelse. Dette vart nok eit tungt slag. Men livet måtte då gå vidare.
Husi på gardane var oftast gamle og tung- vinde i dei tider, og slikt som vatn var det vel nesten ingen som hadde innlagt då. Berre dette skaffa nok mykje slit og strev både i fjøset og inne. Heller ikkje hadde dei straum før oppunder 40-talet . Så det var nok berre å ta til takke med ei osande parafinlampe i myrke vinter-kveldar. Og med mange ungar rundt bordet og kårfolk i klevakroken, så var det tungt å vera husmor mang ein gong. Men Randi greidde det utrulege. Ho var umåteleg st erk, og med sine lange arbeidsdagar gjekk det bra.
I over 60 somrar var ho stø]sbudeie, til og med etter at ho fylte 80 år. Og når Svarthamfjellet bytte på seg vårkåpa si Og trekkfuglane kvitra i lund og li, så lengta ho Randi opp til denne fine stølsvangen ved Syndinvatnet.
Det blir useieleg tomt etter henne både heime og på stølen. Men det er godt å få kvile når kreftene minkar. Fredag 2. oktober vart ho gravlagt ved Lomen kyrkje. Kyrkja var fullsett med slekt og vener og mange fine blomar var lagt på båra-Soknep rest Tordis Ødegaard held ei trøystande og god tale. Ei god og Omsorgsfull mor er borte. Det er nok ingen som mor, s det kan me vel synge i kor. Ho turka vår tåre og strauk oss på kinn, so kviskra ho mjukt - du er gullungen min.
Takk for alt, kjære mor, bestemor, oldemor og svigermor. Gud signe ditt fine minne. Torstein
|
Person ID |
I15398 |
Valdres Slekt |
Last Modified |
20 Nov 2007 |
-
This site powered by v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.
Maintained by .