Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Borghild Andrisdtr BAKKEN

Borghild Andrisdtr BAKKEN

Female 1918 - 2000  (81 years)

Personal Information    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Borghild Andrisdtr BAKKEN 
    Birth 19 Oct 1918 
    Gender Female 
    Death 3 Mar 2000  Grønolen 2/1, Beito Øs Find all individuals with events at this location  [1
    Notes 
    • Minneord Borghild Grønolen Det var vemodig og vondt å høre at Borghild var død. Ho sovna stille inn på Øystre Slidre alders- og sjukeheim, 3. mars, 81 år gamal. Vi visste at helsa hadde svikta noko i seinare tid, men vi håpa at det skulle betre seg, så ho kunne koma heimatt. Borghild var født Bakken, frå Røsslend, og voks opp i ein syskenflokk på seks. I ung alder jobba ho hjå Skogstad på Fagernes som sydame. Ho hadde eit godt lag med hendene, og var ein meister på symaskina. Ho gifte seg med Øystein Grønolen og flytte til Beito. Dei fekk etter kvart to gutar, Øyvind Arne og Tor Erik. Borghild var ei heimsens kvinne. Alltid ljos og venleg var ho. Det var støtt hyggeleg å koma inn til Borghild og Øystein. Ein kjende seg alltid velkomen. Dei sa aldri eit vondt ord om nokon. Dei overtok garden og dreiv den ei tid. Seinare begynte dei med turistar, og bygde ut både heim e og på stølen. Etter kvart vart Grønolen Fjellgard em fin og triveleg turiststad. Folk kom att, år etter år, og alle trivdest på Grønolen. Borghild la også lied eit stort arbeid der. Ho sydde alle gardinar og dukar dei trengde. Den gode, heimelaga maten stod ho for, og all den gode rjummegrauten. Ho var so rask og lett på foten, so det gjekk unna. Har så mange gode minne fra tida på Grønolen. Det var ein fin gjeng av oss som jobba saman der. Vi var som ein familie alle saman. Mykje moro hadde vi, så det var ei triveleg tid. Øystein og Ola var med, med sine morosame replikkar, so alle fek k ofte ein god latter. Når vi minnest og pratar om tida på Grønolen, så er det mange fine minne å ta fram. Seinast no om dagen vi mintes Borghild, så var det nokon som sa at vi skulle hatt all noko av den tida. Og det er sant. Vi gløymer det aldri. Ettersom åra har gått , har mange vorte borte her i Grønolen, og Øystein gjekk bort i 1991. Vi saknar dei alle. Øyvind Arne og Tor Erik tok over det meste av ansvaret da far deira døydde, men Borghild var med så lenge ho klarde det. Ho hadde også to barnebarn, og Siv Marie, som ho var glad i. Ein fin haustdag no i oktober var eg, Ragnhild og Kari nede hjå Borghild. Øyvind Arne hadde laga i stand eit flott kaffilag, så vi hadde ei hyggeleg stund saman. Da vi besøkte ho på sjukeheimen, trudde vi ikkje at det skulle bli siste gongen. Grav ferdsdagen var 14. mars, ved Lidar kyrkje. Mange slektningar, vener og grannar og var møtt fram for å fylgja Borghild til den siste kvilestaden. Sokneprest Arne Wilter fortetta, og la på krans frå dei næraste. Det var ynskt ei gave tit kvileheimen , men det var likevel kransar og blomster fra slektningar, grannar og venner, som Øivind Sanden la på. Ho hadde fortent dei alle. Etter salmesongen vart kista bore ut. Vesle Øystein Nikolai og Linn Jenny var med og bar bestemor til den siste kvilestaden ved sida av bestefar Øystein. Dei vil nok sakne ei snill bestemor. Presten foretok jordfestinga. Etterpå var alle bedt med til heimen, Grønolen Fjellgard, til minnesamvere. Der vart vi mottekne på beste mate. Øivind Sanden leia minnesamveret, og held ei fin minnetale, og til slutt song vi "Fager kveldssol smiler". Han opplyste at Borghild va r den fyrste som vart gravlagd i Øystre Slidre i dette nye år totusen. Vi veit det største saknet er i heimen, men også vi grannane vil sakne Borghild. Det er tomt og trist å gå forbi heimen hennes. Det er mørkt i glasa. Det var moro å gå innom til henne, da vart det ein prat om gamle dagar. Takk, Borghild, for eit godt grannelag i over 45 år og for alle hyggelege stunder vi har hatt saman. Den tid vi alle hadde dyr, var det lokkarkaffi hjå kvarandre. Stølsflytting til Vinsteren ved jonsokbel. Det var ei god tid. Etter at det vart turistar på Grønolen, hadde vi og mange, mange hyggelege dagar saman da også. -Gud signe minnet!

      Fritt suser trærne rundt hjemmet du elsket Farvel, nikker blomstene du vernet så tro. Takk, kvitrer fuglene som dagen deg hilste. Stille brisker vinden: Sov i ro.

      Ei siste helsing frå Ragohild N. Grønolen og Marit med familie.
    Person ID I18249  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Family Øystein Øysteinson GRØNOLEN,   b. 27 Jun 1923, Grønolen 2/1, Beito Øs Find all individuals with events at this locationd. 1991, Grønolen 2/10, Beito Øs Find all individuals with events at this location (Age 67 years) 
    Children 
     1. Øyvind Arne GRØNOLEN
    +2. Tor Erik GRØNOLEN
    Family ID F6773  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 20 Nov 2007 

  • Sources 
    1. [S169] "Valdres", dødsannonse.



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.