Notes |
- Han og svogeren Johan Rumohr ble mektige jordeiere i Lærdal. Makten deres kom særlig fra pengeutlån til bøndene i bygda. Når bøndene ikke kunne betal tok presten gården fra dem! Hr. Hans tok namn etter bygdi, "Leyrdahl". Han voks opp hjå morfaren, Hans Clausen Rosing, prest i Kalundborg, Danmark, seinare biskop i Akershus stift (Jfr. J.F. Lampe: Bergens stifts biskoper og præster- (1896). Han vart student 1679, kandida t 1682 og vart deretter i 1682 kapellan hjå faren til han overtok embetet då faren døydde i 1687. Han vart ein stor jordeigar i bygdi. Som godseigar dreiv han fleire sagbruk, mellom anna på Stødno, og han hadde ei ei jekt. Han måtte derfor bruka mykje av si tid til å forvalta eigedommane sine. Ei gong hadde han oppe 9 saker på eitt og same ting. Attåt sitt eige måtte han også forvalta prestegarden sitt gods, heile 17 laupar smør i landskyld.
Jon Laberg: "Lærdal bygdi og ætter" Hans Jonason Leyrdal var son hans Jonas Faniing og toknamn etter bygdi Han var fødd 1660 og vart oppalen hjå morfaren, bisp Bang, då prest i Kalundborg i Danmark. Hans Leyrdal vart student i 1679 oy kandidat i 1682. Same året vart han kapella n hjå faren, og fekk kaldet då faren døydde i 1687. Hr. Hans gifte seg til pengar. Han vart g. m. Anna Sofie Rumohr på Rikheim, dotter til Claus Rumohr. Men pengane kom ikkje so med det same. Dei måtte venta til Rumohr falt frå. Det er og mer keleg kor lite me får veta um hr. Hans den fyrste tid han var prest i Lærdal. Enno so seint som i 1693 åtte han berre Ø. Voll, men etter at han ervde verfaren ser me han møte på mest kvart ting i bygdi. Det var ikkje berre ervegods han hadd e å sjå til rettes med, men ogso det som låg til prestebolet, dei 17 laupar. So kjøpte han Stødnum og ein part av Grøte, og på Stødnum dreiv han sagbruk både heime på garden oo fram i dalen. Eigi jekt hadde han og. Det gjev kann hende ei gløt t inn i det som låg attum prestekjolen, når me fortel at då ei av mennene på jekti bad um å få slutta fekk han det svaret: "Drag d.i vold, jeg er ikke forlegen for dig." Det hende at hr. Hans hadde 9 saker på eit ting. Samstundes med at han var vyrk for gods og guld, gløymde han ikkje å sjå etter korleis sokneborni hans tedde seg. Jakob Rå og Ola Ljøsne fekk so veta, for dei fleire sundagar hadde halde seg borte frå kyrkja. Dei vart stemdede og måtte bøta kva r 3 lod sølv. Like ille gjekk det med Jens Mjelde, for han 2den påskedag drakk seg full etter å ha vore til alters. Det var og ei smedkona, Ambjør Knutsdtr., som fekk kjenna at presten ikkje bar kappa fåfengd. Eit par ungdomar hadde teke eit gar n hjå presten for å driva fiske elvi, og laksen gjorde dei seg tilgode med ljå ho Anbjør. Verste spikket vart han likevel ute for, då Per Hundæri had "krænket" dotter hans, ho Anna. Her vart det hr.Hans som måtte etter. Hans Leyrdal hadde desse borni: Jonas, som vart faren sin ettermann som prest, Claus som døydde som militærkaptei n på Sunnmøre Christine g. m. presten Lars Ovesen Wangenstein i Vang i Valdres og seinare attgift med Per Erikson Klingenberg, Maren m. Christoffer Nagel og Anna g. m. Per Knutson Hundæri, seinare Grøte. Hans Leyrdal døydde i 1716.
|