Notes |
- Årdal. Bygdi og ættar Jan Laberg: Jens Christoffersen Morgenstierne,som me heretter vil kalla Jens Hovland, var f. uml. 1668 og vart g. m. Abel Persdtr. Hainning, prestedotter frå Sogndal. Ho, døydde alt i 1711 (og hadde etter seg mann og to born: Øllegård, og Abel. Skiftet ett er henne gjev mykje rettleiding um arv og eigendom, og me tek dette frå skiftebrevet: "Jord: I Hovland 4 laupar, 1/2 hud, 8 mælar korn med tidig skov og herlighed, samt hvad i husene mur- og nagelfast findes, tilligemed 3 kakkelovne i stuen og kammeret, item en skovteig i Offerdalen som er meget forhuggen, samt tvende sager med for efindende redskab, alt vurderet efter siste skifte (efter Øllegård) til 456 rdl."
Utanum Hovlan,d åtte buet jordi i Asperheim for 10 rdl., Berge under Øvsttun for 20 rdl., Øye i Lærdal for 20 rdl., Hundære for 80 rdl. I ålmenningen på Lærdalsøyri tri femteparter for 7 rdl. I ort 12 skil., Hauglum på Systrond for 2 rdl., Førl i i Vik for 75 rdl. og i Bøyum, Fjærland for 27 rdl. og 3 ort.
Av gullsaker hadde buet for 60, rdl., og i sylvsaker for 130 rdl. Millorn dei siste ei sylvkanna, vekt 100 lodd fo,r 50 rdl. og ei mindre kanna, 64 lodd for 32 rdl. Ialt: Innkoma 1197 rdl. mot skuld 772 rdl. Jens Hovland vart so attgift med Johanna Hansdtr. Urdahl, prestedotter frå Luster, men del vart ikkje so lenge dei fekk vera saman. Jens døydde i 1718. Med andre kona hadde han to søner Christofer og Jens,. Buet etter Jens viser uml. same eig a som etter fyrste kona hans, men so vert det sagt at husi og serleg det "store nautefjøs er ganske forfalden og må opføres påny. Ikke et eneste tag døgtig eller dråbeløs. Taget på den store glasstue ligeså forfalden. Gården kan ikke vurdere s høiere end til 380 rdl."
|