Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Ingebrigt LARSSON

Ingebrigt LARSSON

Male Abt 1640 - 1716  (~ 76 years)

Personal Information    |    PDF

  • Name Ingebrigt LARSSON 
    Birth Abt 1640 
    Gender Male 
    Occupation
    • grb
    Residence Kvigno, Erdal Find all individuals with events at this location 
    Death 1716 
    Notes 
    • Fra Laberg: "Borgund og Lærdal" Han var f. ikr. 1640. Ingebrigt hadde før havt Åretun, men so bytte han seg til Kvigne med Erik, som fekk Åretun. Det var Tore N. Kvamme på Borgund som åtte dette bruket på Kvigne no. Ingebrigt har ikkje vore reine fatigmannen, han. Det få r me veta ved at to nordfjordingar braut seg inn på stabburet hans og gjorde god fangst der. Ingebrigt seier at han har misst 50-60 rdl. i pengar, 7 mrk. tobakk, 2 par vottar og meir. Kona hans Ingebrigt, ho Brita hadde 18 rdl. liggjande i 5 sm å pungar -og 3 krithus, som dei hadde stole frå henne. Dertil 2 alner bleikt lereft, ein svart tvinna stakk, og mykje anna. Tjuvane vart tekne i Årdal, og den eine Apsalon Steinsåker frå Breim sa, då han såg 'det ikkje nytta å nekta: "F - er ei n skjelm, eg vedgår at han har narra meg til å gjera det som gale er" "Men", seier han, "det var ikkje so mange pengar som Ingebrigt og kona seier". Ingebrigt låg elles til sengs no, det hadde teke for fiar.Jt på han dette. Ein ung gut som hadd e stege lag med tjuvane, vitna, at Apsalon hadde sagt: "I Erdal bur der ein mann, Ingebrigt Kvigne, han er ein pining og ein skavar, det er ingi synd å stela frå han, og det -er. lett gjort, for stabburet står so langt frå garden at det let seg go dt gjera". Denne guten vart spurd om han visste kven som hadde "skapt, igjenløst og helliggjort" han, og han svara: "jau han hadde visst det, men no hadde han gløymt det". Vart beden om å lesa Fadervor, "hvilket han confus opleste".

      I 1704 vil Ingebrigt kjøpa bruket som Ola Ivarson hadde selt til Tørris Skårheim. Ingebrigt meinte han hadde fyrste retten til å kjøpa, når eigaren vilde selja. Ingebrigt hadde i desse dagar vore i slagsmål,med ein Lasse Erikson om ei gryt a og ei trøya. Ingebrigt bruka kniv, og det kosta han 18 lodd sølv: (9 rdl.), og 2 rdl. til Josef Bø som hadde lækt såri. Både han og grannen Johannes hadde elles vore ute for ulukka på annan måte og. Dei sa frå på tinget at "fiellet gjorde de i stor skade, so dei måtte flytte husene," og nokre av husi hadde vorte slegne ned av stein. Dei venta å få nedslag i landskyldi. I 1709 var Ingebrigt ånyo i slagsmål -og det på andre påskedagen etter å ha gått til alters. Det var helst sone n Per som hadde skuldi denne gongen. Faren vilde avstyra, og då han vart skubba bort i gruvesteinen, tok han til kniven. Det var ogso uvenskap millom Ingebrigt og grannen Ivar. Ein dag Ingebrigt kom frå marki med ei risknippa på ryggen, kom Iva r over han med slag og spenn, so han etterpå låg til sengs i 8 dagar. Dei to grainnane hadde ogso sak om "Staveteigen". So hende det ei ny ulukka. Ei dotter hans Ingebrigt, Marita og drengen deira hadde vore i marki, og der hadde dei tendt up p varme. So gjekk det ikkje betre enn at varmen tok om seg, og rnykje høi, laup og buskog gjekk med. Skaden vart taksert til 40 rdl. Domen gjekk ut på at Marita c,g drengen skulde svara for skaden, men Ingebrigt vart frikjeild. Ingebrigt Kvign e døydde i 1716. Sonen Per kom til bruk 1, men dei andre borni hans veit nie ikkje meir om.
    Person ID I21181  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Family Brita ? 
    Children 
    +1. Per Ingerigtsen KVIGNE,   b. Abt 1689, Kvigno, Erdal Find all individuals with events at this locationd. Yes, date unknown
    Family ID F7793  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 20 Nov 2007 



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.