Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Jørgen Eriksen KJØK

Jørgen Eriksen KJØK

Male 1917 - 1999  (82 years)

Personal Information    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Jørgen Eriksen KJØK 
    Birth 19 Feb 1917  Kjøk 11/1 Øs Find all individuals with events at this location  [1
    Gender Male 
    Occupation
    • Politimann ogjurist
    Residence Nesøya, Asker Find all individuals with events at this location 
    Death 29 Aug 1999 
    Notes 
    • Nekrolog i "Valdres" 24. september overJørgen Kjøk Jørgen Kjøk Var fødd i 1917 og vaks opp på garden Kjøk i Midtre Hegge som den yngste av sju sysken. Dei eldre syskena reiste ut or bygda etterkvart som dei vart "so mæte", bortsett frå den eldste broren som tok tok over gården frå faren då Jørge n var 12 år. Jørgen vart verande på garden som 15- og 16-åring, men som 17-åring - vinteren 1934 - finn me han som elev ved Valdres folkehøgskule; på teorikurset. Jørgen, Øystein bror og eg delte eit lite rom i tredje etasje, og takka vere fleirtalets disiplin og ordenssans gjekk dette bra. Etter ein siste sumar som slåttekar på Kjøk-garden reiste Jørgen om hausten til Oslo.. Han ville bli politimann og sø kte opptak som aspirant ved ryttaravdelinga til Oslo politi. Tre år seinare leia Jørgen Oslo-politiets ryttaravdeling oppover Karl Johans gate framfor barnetoget 17. mai. Men Jørgen hadde sett seg høge mål - og han tok etterkvart artium som privatist - ved sida av arbeidet sitt i politiet. Men for å nå sitt endelege mål, som lærar ved Oslo politiskule, måtte Jørgen over eit siste hinder - juridisk embetseksamen . Men også dette makta Jørgen ved sida av full stilling i politiet og no låg vegen open for han som lærar ved politiskulen. Her arbeidde Jørgen no i ei årrekkje som lærar for unge politifolk, men toppstillinga vart han snytt for av politiske oms tende. Jørgen var og uvanleg godt utrusta fysisk og deltok fleire år i dei store idrettstevlingane "Birkebeineren" og sykkelløpet Trondheim - Oslo, alltid med gode resultat. Mor hans kom frå Egge i Vestre Slidre og var halvsyster til Gullik Kirke- voll. Kjøk-garden hadde støl ved austenden av det vakre Vinstervatnet og her hadde Jørgen og Gudrun ei fin hytte under Urekkollen. Hit måtte Jørgen og kona kvar sumar, sjølv om hail dei siste åra måtte berast ut på vollen om dagane. Jørgen kunne skrive under på kvart ord i Olav Rudis song til "Vingsteren" som til dømes i dette verset: "Sjå der ligg gamle stølen med budeilokk på vang, med krøterraut og bjølleklunk i kinno. Mi beste tid e levde då e på støle sprang, o derifrå e har so ljøse minno. Ner briskerøyken gauva o ystingsgryta sau, då snart mø upp i sæle ei heile ungestrau; der vanka både geitebrim o dravle."

      Fred med Jørgens minne. Olav Øraker Han slutten sin kariere som lagdommer i Asker og Bærum herredsrett.
    Person ID I37243  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Father Erik Torsteinson KJØK,   b. 1869, Kjøk 11/1 Øs Find all individuals with events at this locationd. Yes, date unknown 
    Mother Ragnhild Knutsdtr EGGE,   b. 1875, Egge 24/1 Midtre Vs Find all individuals with events at this locationd. Yes, date unknown 
    Family ID F9911  Group Sheet  |  Family Chart

    Family Gudrun 
    Children 
    +1. Ragnhild Eriksdtr KJØK,   b. Nesøya, Asker Find all individuals with events at this location
    Family ID F13681  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 20 Nov 2007 

  • Sources 
    1. [S169] "Valdres", dødsannonse.



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.