Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Arne BERGSGÅRD

Arne BERGSGÅRD

Male 1886 - 1954  (67 years)

Personal Information    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Arne BERGSGÅRD 
    Birth 18 Apr 1886  Vestre Slidre, Oppland Fylke, Norway Find all individuals with events at this location  [1
    Gender Male 
    Occupation
    • dr phil professor NHL
    Death 1954  Trondheim Find all individuals with events at this location 
    Notes 
    • Professor dr. Arne Bergsgård og Valdres. Av Knut Hermundstad. 1. ÆTT OG ARV Professor dr. Arne Bergsgård rekna seg for valdris, endå namnet hans er frå Hallingdal. Til Valdres var han knytt med uløyselege hand. Her hadde han levt har barneåri sine. Frå Vang i Valdres var heile morsætti hans. Til Valdres søkte han attende mest kvart år i dei knappe fristundene han unte seg. Han likte å sjå det fagre Vang lauga i høgsumar-sol med Vangsmjøsi stavstill i dalbotnen. Han hadde heller ikkje noko imot å sjå Vang når nordavinden tuta, og Vangsmjøsi låg og huska i eit einaste kvitbårut rok. Han likte å sjå den fagre naturen i Vang. Rundt kring bygdi skjer hengjande dalar seg inn i fjellmugen mellom flogbratte fjell og byd naturelskaren og den forvitne velkomen. Mot nord gar Sanddalen mellom Skutshødn (Torshødn) og det ruvande Vennisfjell. I nord skjer Skakada len seg inn mellom fjellkulten Grindadn og den hoggbratte fjellveggen Skjøld. Gjennom Skakadalen gjekk den gamle ferdavegen til Vestlandet. Her gjennom kom sterke vestlandske innslag, som har sett varige merke både på folket og kulturlivet i Vang . Mot sør, mellom den yndige Hugakollen og dei ville Grindadn, opnar seg tre fagre fjelldalar, fyrst Syndindalstroket, så Helestrondi med Helin og til slutt Smådaladn. Fagre bjørkelier under fjell og stølar i dalbotnen er det alle stader. Arne Bergsgård var umåteleg glad i denne Vangsnaturen. Her fekk han dei store utsyn. Her fekk han ans for det einfelde og storslegne. Her fann han den store stilla som kan gjeva klarsyn, konsentrasjon og granskartrong. Det var difor ikkje underleg om Bergsgård i fristundene fyrst og fremst sette kosen til fjells, opp dei lauvtunge bjørkeliene, over fjell og fly til den store stilla på stølen Øynadn, der morbror hans, lagtingspresident Helge Thune, var herre og hovding. He r var det ikkje langt støl imellom. Her kunne han studere gamalt, primitivt fjell og sermerkt stølsliv. Her vart stilla berre broten av surlande bekk og fossande å eller og bjølle klang, kuraut og ljomande budeielokk kveld og morgon. Her var de t høve til å få roa og herda trøytte nervar og kveikje hugen til nytt arbeid. Her kunne ein - om ein ville - laste av seg vande spørsmål. Fjellet og stølen var vorte ein lut av Bergsgård sjølv. Difor måtte han på Øynadn ein slett til kvar sumar ha n var i Vang, så sant det var høve til det. Men heime i bygdi var det og gildt. Kjenningar fann ein i kvar ein krok. Her var det gamalt, gildt bondeliv, ofte med ein viss adel over. Vangsokni ligg i ein fin halvsirkel på vestsida av Vangsmjøsi. Her er det gard i gard, ofte fint oppbygde. Av og til er det eldgamle tun og gamal busetnad. Midt i bygdi ligg Vange, prestegarden, med den nye kyrkja og minne om den gamle, sermerkte stavkyrkja som i 1841 vart seld, og no står i Bruckenberg i Riesengebirge i Polen. Her ved Vange står og Va ngssteinen, ein merkeleg rune- og biletstein frå ikr. år 995. Det var heller ikkje lange biten over Leirols-sundet til garden Leirhol, der riksråd Sigvat av Leirholar var hovding ikr. 1300. Den gamle stova han skulle ha butt i, står enda. I Vangss okni budde og Andris Eivindsson Vang, som song folketonar for Lindemann i 1848, og seinare var han den fyrste som skreiv opp folkeminne på eit norsk målføre, på Vangsmålet. - Inne i husi er det jamt ven, gamal husbunad og bondekunst og finsleg se d og sømd. - Folket her talar endå eit reint, fagert og klangfullt bygdemål, morsmålet til Bergsgård. Her i Vang hadde Bergsgård tidleg lært å kjenne denne sermerkte gamle bondekulturen i mål og minne, i sed og skikk, i husbygging og husbunad , i segn og soge. Det var såleis mangt som kunne setja kveik og sving i ein vaken mann til å ta med sogegransking. Det var difor ei høgtid for han å gå over dei gamle tun, tala med gamle, gode vangsgjeldingar og leva opp att ekte, norsk liv som aldri må døy, om me som folk ska l kunne gjera eit verdfullt innslag i verdskulturen. Denne gamle bondekulturen var grunnfest hjå Bergsgård gjennom rett og arv både frå far og mor. Far til den lærde doktoren, Asle Bergsgård, var frå Hallingdal. Han var fødd 17. juni 1850 på Bergsgård i Ål. Ætti var komen frå Arnegård i same bygdi. Far at Bergsgård var ein yngre son, sam laut flytta ut. Så kjøpte han Bergsgård. Det var ein god gard, men bergut og tungbrukt. Her vaks da Asle opp. "Tidleg fekk han freiste hardt slit og strev i småe kar. Det er sagt at i hardår laut huslyden gripe til borkebrød. Dette hardbalne oppalet fekk Bergsgård mykje gagn av sidan. Han var alle dagar sparsam og smånøgd og hadde frå barns bein av lært seg til a hanga i. - Asle var den yngste av fire sysken. Han var difor den som lengst laut hjelpe mor si. Om sumaren låg han såleis mykje på stølen og gjætte. Dei beste og fagraste barneminni sine hadde han frå stølen saman med mor si. I denne tidi var det - som i så mang ei fjellbygd - eit vilt liv mellom ungdomen i Ål. Pa dei ville dansefestane hende det at ljoset vart sløkt, og så gjekk karane på kvarandre med blanke knivar. Prestar sam ville halde styr på ovkarane, hadde de t ofte ikkje for godt i fjellbygdene. I Ål var Christian Fredrik Andreas Kjelstrup (1803-67) prest no. Han var ein godkar, star og spræk. Det var vel nett difor han hadde fatt dette vande kallet. Han skulle tukte ålingane om det trongst. Det skal går mange segner i Al etter denne djerve presten. Ein dag fekk tinge Asle Bergsgård bod om a koma til Kjelstrup. Han fekk ein sjokk med det same. Hadde han gjort noko gale han skulle bli refsa for? Men han trong ikkje ottast i så måte. Presten Kjelstrup hadde merka seg at unge Asle Bergsgård hadde gode evnor. Dertil var han tekkeleg i framferd. No ville han ha han til "skoleholder" eller "skule" som alingane sa, enda han berre var 16 ar. Han fekk no opplæring hjå presten nokr e vekor. Sa vart han "skule" for ålingane. I to år for no Asle Bergsgård frå gard til gard med skulekista si på ryggen, og nar han kom til gards, vart det høgtid, for da var "skulin" komen. Når skuletidi var slutt, la han ofte fritt ut om eit bibelord, og husens folk la ihop hendene og høy rde med andakt på den tinge predikanten. Enda så ung han var, fekk folk stor vyrdnad for omgangsskulelæraren sin. Bergsgård mintes denne tidi med glede. Mange trauste vener vann han seg mellom heimbygdingane sine. I fristundene sine laga han seg opplæringsmateriell. Pa Bergsgård skal det enda vera att ein salmodikon som Asle Bergsgård har låga da han var "skule" i Ål. Da Bergsgård var 18 år, totte han at han laut ha noko meir opplæring i læraryrket. Han hadde no valet mellom Asker seminarium og Balestrand lærarskule. Faren totte ikkje han hadde råd til å sende guten til Asker, og så har det til Balestrand. Den kjende skulemannen og teologen dr. Krogh-Tonning var styrar her da. Han hadde m. a. det ordet at han kan hende var største dogmatikkaren i landet. Grunnlærd som han var, skreiv han ein dogmatikk i fleire hand. Til slutt vart han diverre katolikk. Opplæringi på Balestrand lærarskule var visseleg noko einsidig, men Bergsgård totte likevel at skulen var framifrå. Han lærde både å tenkje og arbeide der. Men tross alt anka han likevel mykje på at han ikkje kom til Ask er. Asle Bergsgård gjekk ut frå skulen med beste eksamen. No hadde Bergsgård hatt hug til å lesa vidare til prest. Det galdt difor å koma til ein stad der han kunne få høve til å få noko meir opplæring. No fekk han spurt at på Bergenskanten hadde Wollert Konow S. B. og Niels Juel sett i gang ein folkehøgskule. Kunne han få ein post på den kanten, vona han å få hjelp til å studere vidare av dei karane. Han vart likevel vonbroten i det å få studiehjelp. Konow og Juel arbeidde for langt unna. Men på eigi hand las han tysk og engelsk i vo n om ein gong å kunne ta artium. Diverre fekk han ikkje høve til å koma på meir skule. Voni om å bli prest vart difor berre ein fager draum. Da han flytte frå Samnanger, der han hadde fatt fyrste posten sin, vart han lærar på Modum i to ar. Dette var dei gildaste åri han levde, brukte han å seia sjølv. Han likte så godt Modum-folki. Dei var så hyggelege og gjestfrie. Og skulearbeide t fall så lett mellom dei. I denne tidi vart amtskulen sett i gang i Noreg, og kring denne skulen stod det eit friskt åndsver. Så søkte han og fekk ein amtsskolepost i Austfold. Gildt totte han det var å bli lærar for vaksen ungdom. To rike voksterår var dette. Styrare n på denne skulen var Mourly Vold, han som seinare vart professor i filosofi. Bergsgård og Vold budde i hop desse åri. Samværet med denne lærde og gjæve skulemannen fekk Bergsgård mykje gagn av. Her på amtskulen arbeidde han hardt med å djupe ut kunnskapane sine og vinne seg nye. Til kvar dag budde han seg godt i alle fag. Jamt laut han ta natti til hjelp. Ofte så han til elevane sine at dei skulle hange i og arbeide stødt og traust. Dei skulle ikkje la nokon dag få gå frå seg utan å lære noko nytt. I 1878 vart Asle Bergsgård knytt til amtskulen i Valdres. Knut Berg var da styrar. Sidan vart det Bergsgård. Også her synte Bergsgård seg som eit arbeidsjarn. Det er sagt at han ikkje gjekk til ein time utan grundig førebuing. Kvar einaste ettermi ddag var det å sitja og arbeide med fagi, så han kunne greie arbeidet sitt så samvitsfullt som råd. Dette dreiv han elles på med til siste skuledagen sin. Alle vårar var han difor utsliten. Det er sagt at det visseleg var fåe amtskule lærarar som gjekk så heilt opp i skulearbeidet sitt som Bergsgård. Fyrst freista han å prente inn i elevane sine så mykje kunnskap som råd var, men han gløymde heller ikkje å oppseda dei til interess e for samfunnsgagnlege gjeremål. Arbeidet på amtskulen i Valdres var stridt. Skulen var ambulerande. Det å flytta frå stad til stad var strevsamt. Stovone som vart nytta til skulesalar, var uhelsuge og reint uskikka. Likevel gjekk amtskulen svært godt. Stundom var det over 100 elevar. Asle Bergsgård var etter tidi ein svært dugande skulestyrar og ein framsynt skulemann. I soga tok han i bruk Schjøtt Noregs soga på nynorsk straks ho kom ut i 1880-åri. Mange som gjekk amtskulen, vart gode "målmenn" fordi dei las denne gode sogebo ki på nynorsk.. - Sløyd førde Bergsgård tidleg inn i skulen sin, og han var sjølv ein dugande sløydar. Han hadde såleis studert sløydopplæring på to kurs i Sverige og på eitt i København Ofte heldt han foredrag om "Sløyd i Skolen". Dette foredrage t vart enda til prenta og spreitt i mengd til opplysning om sløydsaki. - Så var han svært interessert i at skulen skulle ha ei god boksamling. Ein gong fekk han tilbod frå kong Oscar den II om ei stor bokgåve. Bergsgård sette opp ei lang ynskelist e på bøker og sende han, og bøkene kom. Enda er det att på Valdres folkehøgskule ein rest av den store og allsidige boksamlingi amtskulen hadde. I 1898 kom dei styrande reint uventa på at amtskulen skulle slutte. Det vart sagt at han vart for dyr, og så la dei han ned. Det var nok elles andre grunnar dei hadde for denne snøgge nedleggingi. Bergsgård var ein myndig mann med sjølvstendige me iningar, som han så greitt frå om. Dette smakte ikkje sume av dei som sat med makti. Hadde Bergsgård vore meir av ein diplomat, hadde skulen truleg vore liv laga lenger. Dessutan hadde sume no så smått teke til å arbeide i all løynd for ein folkehøgskule. Asle Bergsgård syrgde mykje på at han laut slutte med skulearbeidet sitt i Valdres. Det som hadde bendt, totte han var ein fæl urett både mot han sjølv og skulen. Umåteleg sårt var det for han å gjeva opp eit arbeid som han var så glad i, og som han hadde så god givnad for. Men motgangen knekte han ikkje. Dertil hadde han for sterk vilje. Bergsgård hadde alltid likt seg godt millom valdrisane. Sterke band knytte han til Valdres. Dalen og rettene kjende han ut og inn. Valdrisane var alltid velkomne i heimen hans, og han fylgde alltid godt med i alt som vedkom Valdres. Da han slutta med amtskulen, var han fyrst eit år fattigforstandar i Haugesund. Sidan hadde han det same arbeidet i Fredrikstad til 1922. Dette siste arbeidet sitt røkta han og med avgjort dugleik. Og han var ein svært vyrd mann kvar han var. Men han stakk seg aldri fram. Alle dagar etter han slutta vera skulestyrar, kjende han seg einsam. Og alltid har han på ei duld sorg fordi han hadde fatt livsbanen sin broten. Da han hadde teke avskil Frå fattigforstandar-arbeidet, så han glad til borna sine: Heretter kan de få kalle meg amtsskulestyrar att!" - Dei siste åri sine budde han i Oslo. Dagleg var han i arbeid med lesing og studium, serleg på Riksarkivet. Ha n gav da og no ut ei bok med gamalt frå Hallingdal. Asle Bergsgård døydde 1930 vel 80 år gamal. I 1932 vart det avduka ein fager minnestein på gravi hans på Vestre Akers gravlund, reist av gamle vener Frå Valdres. Pastor O. S. Fodnes heldt da minnetalen og så m. a.: "Bergsgård har godtgjort det gamle ordet om at læraren er skolen, og det kommer seg ikke an på hva skolen heter, men på lærpersonligheten. Alltid hadde Bergsgård noe interessant å meddele. Han krydret sin undervisning med bevingede ord - og me d illustrasjoner som hans elever aldri glemmer. Han underviste i forskjelge fag, i regning, historie og geografi. Det er vanskelig å si hvilke fag han underviste best i. Han var den fødte lærer og gikk med står intensitet opp i alle skolens disipliner. Størst praktisk betydning har kanskje han s regneundervisning hatt. Det er de av hans elever som sier at det skyldes denne at de siden kunne arbeide seg fram til gode stillinger. Men hans historieundervisning var ikkje mindre interessant, og han lot det ikke være med å meddele noen kunnsk aper om gamle tider, men førte sine elever inn i forståelsen av tidens politiske liv, de forskjelge saker som dukket opp, og som satte sinnene i så sterk bevegelse under den spennende unionstiden. Eksamensfestene var rene folkefester, og til eksamen møtte mange av Bergsgårds elever med så nøyaktige kunnskaper i geografi og historie at det vakte den største forundring. Bergsgård var glad i sine elever og fulgte dem med levende interesse. Ha n gledet seg når det gikk dem godt, og var aldri redd for å si dem et godt ord, et overstrømmende godt ord. Han har vært med å gi selvtillit til så mange. Han var en god lærer i det at han satte pris på foreldrenes arbeid og gav alltid uttrykk for at erfaringen er den beste læraren, og mangen en far som hadde sendt sin sønn til amtsskolen, husket side n alltid Bergsgård med kjærlighet for hans forstandige og forståelsesfulle måte å ta de tinge pa. Bergsgård blev til sin siste dag en interessert og interessant mann. Han var fødd den 17. juni, samme datum som var folkekjære dikter Henrik Wergeland, som har gitt oss det ordet som blev ordet for Bergsgård: "Bokhyllen er den stige hvorved du bli r din overmanns like". Det er få som har evnet å realisere dette ordet i den utstrekning som amtsskolestyr Asle Bergsgård." -

      Mor at Arne Bergsgård, Ingebjørg Thune, var dotter til bonde og stortingsmann Nils Trondsson Thune. Han var i rak line ætta frå prest og prost Ove Ovesson Wangensten, som var prest i Vang i Valdres Frå 1682 til 1715. Ættenamnet sitt tok han ette r bygdi Vang. Ove Wangensten var "en myndig Herremand".1) Han er mellom anna kjend for at han kjøpte alle beneficerte bruk under garden Stele og slo dei i hop til ein gard. Han er og kjend for at han fekk til messe i St. Tomas kyrkja på Fillefjel l kvart år ved syftesok, 2. juli. Han heldt elles god orden og age i Vang den tidi han var prest der. Bøye, yngste sonen til Ove Wangensten, gifte seg med bondejente Ambjørg Helgesdotter Ellingbø og vart bonde på Stele. Sonesonen hans att, ogso Bø ye Ovesson Wangensten Stele, giftet seg med Karen Anker, dotter til "madam Anker" og presten Erik Anker. Frå desse ættar Thuneætti. Det rann såleis tjukt Wangensteen-blod i årane til Arne Bergsgård. Dei fleste av Wangensten- og Anker-ætti var framtøke og evnerike, av dei aller fremste folk i Vang. "Dei (Wangenstenane) hev vore haldne noko gjævare enn dei andre bøndene i Vang" Wangensten- og Anker-ætti i Vang er elles mangslungi. Det er jamt stor oppdrift i folki. Dei er ofte svært rettekjære, myndige og maktglade. Trasi i eit strengt ytre vinn dei lett folketokke med fornem og adeleg framferd. Jamt sermerkjer ætti se g med framifrå evnor og hag hand. Ho har difor vore ein gjæv kulturberar i Vang og andre stader i song, musikk og i bygdekunst. Mange i ætti har vorte bondehovdingar og åndshovdingar. I det ytre har folki i ætti eit visst ynde i vokster og framburd. Andletet er oftast småbrote og jamt fagert, kan hende mest på spinnesida. Av og til merker ein noko blygt og reddvore over sume av ætti, serleg mellom det "veike kjønn." Nils Trondsson Thune, morfar til Arne Bergsgård, "var en mægtig Personlighed, havde mange Interesser og står Virkelyst, hvorfor han kom til at indtage en ledende Stilling i sin bygd." 2) Han var ein heilt sjølvlærd mann, "men var likevel så kunnskapsrik at det på sagkyndig hold var sagt at Nils Thune var en af Valdres-dalens kundskabsrigeste Mænd."2) På eigi hand hadde han lært seg framande mål, så han tala godt engelsk og hjelpeleg godt tysk. Han førde seg elles i tale og åtferd så fint at han vann bygdefolket for seg. Alt i ung alder hadde han fått slik folketokke at han vart vald inn i hera dstyret og vart snart ordførar. Han fekk fort så god skikk på bygdestyringi at det vart namngjete over heile Valdres og endå vidare. I 1871 vart han vald til stortingsmann, og det var han like til 1881. - Nils Thune var ein sermerkt demokrat. Ha n ville at folkemeiningi skulle råda både i heimbygdi si, i fylket og i landet. Bygdepavane laut lata frå seg makti. Han "brøytte veg for eit virkelig folkestyre i Vang." 1) - 1) J. Belsheim: Um og frå Vang i Valdres i "Syn og Segn" 1902. 2) Ove B. W. Stelle: Slægten Wangensten.

      Elles varde han fjellrettane at bygdi og fekk orden i skulestellet. Han påtala og refsa ukristeleg moral, så folket heldt seg i age. "Ellers holdt Nils Thune sterkt på gammel, god sed og skikk. Slægt og tradisjoner var for han høge begreper." 1 ) Attåt stortingsmanns-arbeidet og alle kommunale yrke var han og postopnar og stasjonshaldar. Kjent er han og fordi han var ein uvanleg dugande bonde. Garden Thune var stutt sagt eit kultursentrum i bygdi som laut setja varige merke på alle sam gje kk inn og ut der. Nils Thune var gift med ei uvanleg dugande bondejente, Marit Helgesdotter Kvale. At eplet ikkje faller langt frå leggen, synte seg på borni derfrå. Ein av sønene, Nils, vart sorenskrivar, og seinare fylkesmann, Ein annan son, Helge, tok juridis k embetseksamen nett som broren Nils. Så vart han lensmann i Vang. Han vann seg fort eineståande tillit og vyrdnad. Det synte seg best da han vart sett opp til stortingsmanns emne for Valdres. I Vang, heimbygdi si, fekk han støtt mest alle røystene. Og denne folketokken vann han ved streng, men rettlina og upartisk framferd. Han møtte på tinget fleire bolkar . Tilslutt vart han lagtingspresident. Andre blir jamt meir og meir konservative med alderen. Med Helge Thune gjekk det så at han vart meir og meir demokratisk, radikal og nasjonal. Han var soleis ein grei "Nidaros-mann", då denne namnestriden ras a i tingsalen. Ingen mann har hatt så mykje å seia for bondelivet i Vang som Helge Thune. Da han slutta som lensmann, fekk bygdi måla eit bilete av han. Det heng no i Vang heradshus. Den eldste systeri til Helge Thune, Ingebjørg, vart i ung alder i 1885 gift med amtsskulestyrar Asle Bergsgård. Ho var ei uvanleg vakker og tekkeleg jente. Attåt det var ho evnerik og dugande. Det var difor ikkje underleg at det var står rif t om henne mellom dei ungkarar som var noko. Det var står sorg og misunning da Bergsgård vann prisen. Serleg vart ein av medlærarane til Bergsgård ilter. Sume seier at ein av grunnane til at amtskulen vart nedlagd, var dei stadige rivningane so m denne læraren fekk til med Bergsgård. I åri som no kom, flytte det unge ekteparet med huslyden sin frå bygd til bygd over heile Valdres. I styrartidi til Bergsgård vart skulen halden på desse stadene: på Thune i Vang frå 1883-85, på Kvale i Vestre Slidre frå 1885-87, i Beindalen i Sør -Aurdal frå 1887-88, på Madslangrud i Etnedal frå 1888 - 90, på Skrautvål og Svenes i Nord-Aurdal frå 1890-93, på Volbu sanatorium og på Presthegge i Øystre Slidre frå 1893 - 96 og på Grindaheim i Vang frå 1896-98. Arne som var eldste har net til Ingebjørg og Asle Bergsgård, var fødd 1886. Han fylgde med foreldri på defra nomadeferd rundt Valdres, men om sumaren var han mest i Vang. Han femde soleis ikkje berre Vang, men heile Valdres inn i den vakne hugen sin. Da han flytte frå Valdres i 1899, var han 13 år gamal. Men da var han alt vorten valdris så god som nokon. Sidan nørde han Valdres-hugen med lengarar og stuttare gjesteferder til sine kjære morsysken, Helge, Trond og Marit Thune. Her var han som heime, ja som son i huset. Her var han alltid velkomen. Her mætte han hjartevarme, samhug, råd og rettleiing. Her vart han - som alt omskrive -innvigd i traust, godt bondeliv. Heile den gamle rettararven frå Wangensten-ætt i og andre bonde-retter i Vang mengde seg inn i hans opne sjel og la grunnen til den støde demokraten, sogemannen, skulemannen og norskdomsmannen Arne Bergsgård. Frå morsætti hadde han i stor man ervt den store interessa for samfunnsoppgavone, den fine evna til å vinne folketokke og likevel vera seg sjølv, sansen for soge- og rettetradisjon og godt norsk bondeliv, men fyrst og fremst den varme kjensla so m hanka for alt som leid, og fedrelandshugen som ofr seg heilt for eldhuga arbeid. - Attåt dette kom så farsarven. Her var det vel serleg den framifrå skulemannen og vitskapsmannen som fekk næring. Jarnviljen sin, den seige arbeidstrotten, arbeids evna og granskartrongen hadde han og visseleg i står man fatt frå faren. Han hadde og vore med og kveikt sansen hjå han for den gamle kulturarven. At gamle Bergsgård i skulen nytta Noregssoga på nynorsk, hadde og visseleg sett ein viss kveik i Arn e. I vissa syner det at faren sag med vyrdnad på den norske målrørsla. Samlarinteressone til faren på hans gamle dagar var og ein rettararv til sonen. Og han gjorde så visst ære på denne arven! Arne Bergsgård hadde sjølv vore vel merksam på den store ættararven han (og me alle) hadde fatt og plikti hans mot han. Han sa det så: "Kva meiner me med norskdom? Det er arven frå fedrne, men det er også ei oppgåve til oss og rettene som kjem etter oss. Arv er han på to måtar. Han er sjølve naturgrunnen i oss, lyndet vart, den som er oss gjeven i voggegåve. Denne norskdomen er sjølve arvetoet i ætti, frå alders tid har han strøymt frå rettlekk til rettlekk. - Me er nok alle sterkare bundne til ar ven og til ætti enn me sjølve kjem i hug. Denne arven kan me vel skjemma liksom all arv, men han fylgjer oss stødt. Den som er fødd og alen i Valdres, han blir inst inne i sin hug verande valdris til sin døyande dag. Han kan bli kristianisert elle r amerikanisert, han kan bli god og lak valdris etter som det fell, men valdris blir han. Han kan ikkje anna." 1)

      Denne intime innlevingi i bondelivet i ei fjellbygd som Valdres hadde såleis sett varige merke på dr. Bergsgård. Det hadde visseleg og vore medverkande i hans store sogegransking. Det var ikkje så radt utan grunn at Bergsgård skreiv den store doktorutgreiingi si nett om bondepolitikkaren Ole Gabriel Ueland, lensmannen og bonden i Dalane. - Av same grunn var det naturleg at Bergsgård la ein serleg elsk på Olav Asmundsson Vinje, husmannsguten frå fjellbygdi Vinje. Boki hans, "Åsmund Vinje. Norsk nasjonal konservatisme." syner at Bergsgård har skjøna bondesynet at Vinje kan hende betre enn nokon annan Vinje-kjennar. Den medfødde sterke fridomshugen til Bergsgård sette seg eit varig merke i det strålande sogeverket "Året 1914" i to band, "Grunnlova" og "Unionen". Ingen nolevande sogemann sette bonden og bondekulturen slik i høgsætet som Bergsgård. "Heile den kulturarven som ætti har arbeidt upp og gjeve oss", må me vyrdsla. Det gjeld "heimeseden", bygdeskikken", "målet me talar", "den andelege og moralsk e lufta som me har and å inn like frå fyrste dag og til no", det gjeld og "husbunaden, dei ytre praktiske ting som fyller ein stor del av vart liv." 1 ) I mykje av det Bergsgård skreiv, kveste han pennen og gjekk til strid mot det framande, det unorske og ofte unaturlege: "Lån er Lån, og uvisst er det koss det høver oss. Arv og odel er noko anna, det kan me bera so trygt, lett og fritt, - 1) Arne Bergsgård: "For norskdom" i "Valdres", 900-årsskrift for kristendomsinnføringi. 1923.

      og so adeleg og fornæmt, um me har evne til det. - Federne har skapt det etter si beste evne. - Det veit me frå var eige far og mor. Defra tanke, defra sans for det som er fint og godt og hendig har sett sitt merke på det." 1 ). Den gjævaste rettararven var er målet: "Sanneleg åndene at federne lever i målet og andar mot oss i ordi dei har valt, i klangen og rytmen dei har gjeve det. Lat oss ikkje skjera av det bandet millom oss og dei som har gjeve oss livet." Og ha n levde etter læra. Difor nytta Bergsgård norsk mål i alt han skreiv, klangfullt, leikande og fagert. Ingen har heller synt det norske folket så sterkt og overtydande innslaget at Vinje for det norske målet. Han nemnde med synleg glede den høgtid elege lovnaden åt Vinje da han skreiv at han ikkje lenger vilde vanære "min norske hand med at skrive dansk. Jeg skal ikke gjøre det mere. Intet som jeg legger and og liv i, skal være på dansk. Den ånd jeg har, skal være på norsk. Vil ingen have den, beholder jeg den for mig selv."2). Og Bergsgård la til: "Heile Vinjes liv vitnar for han at orda ikkje var for sterke. Stunda var stor og alvorleg, og gjennom Vinje har ho vorte det for oss alle.3). Berre ei ånd av store mål kan koma på ein så underleg og storslegen tanke. Berre ein personlegdom med høg idealitet og fast støyping kan gjennomføra denne ideen." 2) Me høgvyrder Bergsgård for han var ein av dei som har att den same idealitet, og den same faste støyping. Den norske rettearven han fekk i Valdres-målet, nytta han alltid uavkorta. Hadde alle norskmålsfolk vore like faste i støypingi, ville me i dag truleg ha vore godt som ferdige med målreisingi. Bergsgård syrgde sart når han merka at den norske kulturarven vart skjemd. Og han hadde så visst nok å harme seg over. Det store og alvorlege spørsmålet er: "Kan me når vår tid kjem, gjeva fedrearven uskjemd frå oss til dei rettene som skal eiga dalen (Valdres) etter oss?" 1) Slik spurde Bergsgård og med god grunn. Dei siste tiåri har vore ei farleg overgangstid. Mykje gamalt og godt er tynt. Ser ein på dei nye husi i bygdene, syner ukulturen seg uhyggeleg: "Dei talar i alle fall ikkje norsk til oss: schweitzisk og amerikansk (og

      1) Arne Bergsgård: "For norskdom" i "Valdres", 900-arsskrift for kristendomsinnføringi. 1923. 2) Arne Bergsgård: Åsmund Vinje s. 145. 3) Sperra her.

      no i det siste funkisk! 2) kanskje, men ikkje norsk." 1) - Inne i husi er det betre, "mykje god gamal husbunad er nok enno vanleg her", men her og stikk ukulturen hestehovi fram "nips"-figurar, japanske viftor, billeg oljeprent og amerikanske rugg estolar. "Alle er samde um at dette er ikkje berre til tap for norskdomen, men det er ein almen kulturnedgang frå dei stilsikre stovene som dei gamle budde i." 1 ) Same utgliding syner seg i matstell og kledebunad. "I våre dagar er stilsamanhengen broten".l) Det framande og uvande blir "oppteke utan smak og sjølvstende. Der jentone i gamle dagar var som prinsessor å sjå i fager bunad, der er det no ei pjusku t syn som strevar seg fram i lakkskor, florlette, dårleg sydde blusor, og smaklause hattar i vart vindale og fjellslege verlag".l) på denne maten går det "tapt gamal uopparbeidd innsikt og røynsle, ein fin og mangesidig umtanke i alt styr og stell".l) Men det er i andre måtar og kulturtyning: "Endefram brutal og forfærdeleg er nedgangen i musikk. Tross i alle dei gode songlag er han det so lenge den fine langeleiken og fela blir gløymd." 1 ). Ille er det og når "kjekke, unge bondegutar dreg ut på fabrikkar og anlegg og kjem att med rallarsveis i tale, bunad og åtferd, bannar og sputtar og bråkar." 1 ) Alt dette "er so meiningslaust og reint uskjøneleg at det kan få ein til å tvila på um bondekulturen også har den indre kraft, den moralske styrken som einast gjev ein kultur livsens van og rett." 1) Men som vel er, "er vårt Valdres so lukkele g at me har ikkje sett so mykje av dette som andre norske bygdelag." 1). Enda nedfallet på mange omkverve er stort, må ikkje svartsynet ta valdrisane. "Vona har eit godt og sikkert feste, for det største og fornemste av alt har me berga, det sjelelege og andelege bandet mellom federne og oss, sjølve kulturreidskapen , - målet. Enda kling valdresmålet reint i bygdene våre, det er ein av dei fagraste utformingane norsk mål har fått i noko bygdelag." - Målet er "sjølve hovudvilkåret for all historisk samanheng i folket vårt." Oppgåva er: "å halda 1) Arne Bergsgård: "For norskdom,> i "Valdres'>, 900-arsskrift for kristendomsinnføringi, 1923. 2) Parentesen er av meg. K. H. den nasjonale samanhengen uppe gjenom revolusjonstida sine stormor, å berga den nasjonale arven inn i den nye tida sam me går i møte." 1 ) Så må me ikkje gløyme at "det er det sermerkte norske i kulturen var som har verd for verda." 1) - Det store målet vart må difor vera "at det nasjonale livet kjem til å bløme so rikt og fagert i vart Noreg at det kan bli eit stort og godt tilslut t til den sameuropeiske kultur, ja, til all verdi sitt kulturliv." 1) Så vende Bergsgård seg med stor styrke serleg til oss valdrisfolk og sa: . "Serskilt for oss valdrisar er uppgåva den at me steller fint med våre hagesenger i mor Noregs hage, så ikkje vår lut i arbeidet skal skjemma det heile. - Lat oss bera arven lenger fram, so han aukar og ikkje minkar i var eige, og koma vel i hug , at for kvart godt arvestykke som me skjemmer eller let liggje ubrukt og vanrøkta so er det eit tap og ei utarming for heile fedrelandet sin kultur. --Lat difor Valdres vera sant seg sjølv, lat det vera ein god døl!" 1 ) Soleis blæs Arne Bergsgård i den norske luren for Valdres. Han kjende Valdres-kulturen ut og inn, i nedfall og reising. Han gleda seg når nordmannsåndi sigra, men syrgde når det gjekk på tap. Den gode, gamle Valdres-kulturen vart generalnemnaren i den kavnorske reisingi som Bergsgård var ein slik god tenår for. Han vann sikkert ikkje alltid gull på dette. Men "lykk a ved å vera i pakt med det beste i seg sjølv, er den løni det gjeld ana." 2) Me valdrisar lyt minnast med takk den gjæve sogemannen for at han alltid sette rettararven frå Valdris i høgsætet og to1t han med som grunntatt i sitt store vitskaplege arbeid. Ved det gjorde han Valdres og Noreg ei tenest som vil ruva stort i kom ande tider. Det kan høva å seia om Bergsgård det same som han sjølv seier om Vinje: Livsverket hans "tykkjest openberra for oss eit livssyn og ein menneskelegdom som har gamalkjende drag i Noreg, gamalt norsk bondesyn slik som det har vorti utfor ma under kristen påverknad." 2) 1) Arne Bergsgård: "For norskdom" i "Valdres", 900-arsskrift for kristendomsinnføringi, 1923. 2) Arne Bergsgård: "Åsmund Vinje" s. 258-286.


      2. LIVSVERK Arne Bergsgård var fødd den 18. april 1886 i Vestre Slidre, for Valdres amtskule var det året på Kvåle, og Bergsgård folket budde da der. Han tok artium i Fredrikstad i 1904, vart cand. philol. i 1910 og doktor philos. 1933. Fyrst var han læra r på Volda gymnas. Så var han ei tid overlærar på Stord lærarskule. I 1922 vart han dosent i soga ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim, professor på same stad 1935 og rektor der 1937. Like før han tok til på lærarhøgskulen, i joli 1921, gifte han seg med Unni Norman Eng. Ho var da lærarinne i Oslo og var dotter til den radikale vinstremannen og norskmåls mannen dyrlækjar Norman Eng i Volda. Ho døydde diverre frå han alt våre n 1925. Det var eit uvanleg hardt slag å vinne over for Arne Bergsgård, for kona hans skulle ha vore eit uvanleg åndfyllt og godt menneske. Dei fekk ein son, Unnleiv, som no er arkitekt i Bergen. I den historiske granskingi si samla Bergsgård seg serleg om norsk soge etter 1800. Frå denne tidbolken gav han ut ei lang rekkje grunnleggjande arbeid. Dei sermerkjer seg med står vitskapleg lærdom, vidsyn, objektive dømor og eit klart og vakkert mål. Det fyrste arbeidet til Bergsgård kom ut i 1908. Det var eit arbeid om Nicolai Wergeland. I 1923 kom "Stat og kyrkje i strid om skulen i Frankrike." Dette arbeidet var lærdom han hadde sanka på utanlandsferder i Frankrike, Tyskland, Austerrike, England og Italia. I 1932 kom den store doktor avhandlingi hans om "Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken". Det var eit ruvande to-bands verk på 1212 sidor. Året etter kom "Vinstre Frå 1880-åri til 1905" og i 1937" Formannskapslovene , opphav og utvikling." Men hans kunnskap femnde over boksoga og. I 1940 kom den framifrå Vinje analysen, "Åsmund Vinje, Norsk nasjonal konservatisme". Det er ei bok på 286 s. I dei spanande krigsåri fekk han tid til å gje ut to store arbeid om "Året 1914" I og II, store bøker på 378 og 355 s. Alle desse verk gjev verdfulle tilskot til nyare norsk soga. Men Bergsgård tok seg og av europeisk histo rieskrivning. Ei gjæv innføring i aktuelle europeiske spørsmål har han gjeve i boki "Nasjonaliteten i europeisk historie". Ho er på 378 sidor. Ein skal og merke seg at han skreiv gode lærebøker i soga for lærarskulen og den høgre skulen, såleis "Soga om dei gamle kulturfolka" (1922), "Soga om den nyare tida" (1925), "Fredssoga" (1948), folkeskriftet "Demokrati og diktatur" (1934) og "Styringa i byar og bygder før formannskapslovene" (1937). Bergsgård var alle dagar ein av dei fremste kulturhøvdingar i Noreg. Han skreiv ei mengd avhandlingar og artiklar i blad og tidsskrifter, heldt ei mengd føredrag og var talar på stemnor og møte, og jamt tala han om sogeemne i Norsk rikskringkasting. Ofte var han i Valdres og tala, såleis på 900-årsfesten for kristendomsinnføringi i Vestre Slidre i 1923. 1 1929-36 var han styremedlem i Noregs mållag. I "Trønderlaget" var han formann i 1929-31. Han var med i rettskrivingsnemndi Frå 1934 til den nye rettskriving for nynorsken kom ut i 1938. 1 "Granskingsnemndi" sat han 1945-46. Frå 1926 var han medl em i "Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab" , der han var formann i den humanistiske klassa Frå 1933. Frå 1938 var han medlem i Det Norske Videnskaps Akademi i Oslo. Han var og heidra med St. Olavsmedalja. Etter Bergsgård var død, sende Det norske Samlaget ut eit etter late arbeid, "Frå 17. mai til 9. april. Norsk historie 1814-1940." Dette er eit storfelt arbeid, ikkje minst for det norske bondefolk, som her kjem til sin fulle rett i norsk sage. Så alt for mykje har arbeidet til det norske bondefolket vorte sett til sides i norsk sogeskriving. Verket er på nær 400 sidor og er rikt på talande bilete. Om våren 1954 slutta det veike hjarta til Arne Bergsgård å slå. Alle hans personlege veller syrgde djupt over tapet. Han var så trufast, så taktfull og finsleg i all si ferd. Valdres og landet elles miste i han ein av sine aller fremste søner. Han var ikkje berre valdris og nordmann, men ein verdsborgar av fremste slag. Han hadde det store oversynet og øygna framgangslinone enda til i verdspolitikken. Under siste krig var det nærmast eit under at han ikkje vart skoten av tyskarane , da andre gjæve folk i Trøndelag fall utan lov og dom. Arne Bergsgård var da m. a. hovudredaktør for det illegale blad som kom ut i Trondheim under det meste av krigen. Ein skal elles få herme litt av det minneordet skuledirektør Erling Kristvik skreiv om Arne Bergsgård straks etter han hadde slokna: "I professor Arne Bergsgård har landet vart mist ein av sine beste søner og vart skule- og åndsliv ein av sine rikaste og varmaste personlegdomar. For dei som stod han nær og kjende seg bundne til han i samarbeid på ein eller annan måte, har live t vorte fattigare ved hans bortgang. For det er sjeldan å møte ein menneske så allsidig stimulerande, med slikt overskot av åndskraft, med slik evne til å ta i mot kulturverdiar og dele dei med andre. 1 hans nærleik var det alltid festleg å vera . Han åtte ein uvanleg står rikdom av lærdom, utsyn, innlevingsevne og livsvarme, som det var hans glede å stråle ut til medmenneske. Seg sjølv eller sin eigen posisjon tenkte han aldri på. Jamt var han oppteken med å bera fram gåvor til norsk sku le, norsk åndsliv og norsk folkekultur i det heile. I Arne Bergsgård møtte ein både den rike, mangesidige humanisten, det djupe og varme medmenneske og den kjempande pedagogen, som sag med det sterkaste alvoret på framtida at folket vart og heile verdskulturen. både etter sine ungdoms livsrøter, et ter si universitetsutdaning og sitt tidlegare skulearbeid kjende han seg inderleg knytt til dei store livsspørsmål om lagnaden at alt norsk og alt menneskeleg. - Slik måtte Bergsgård som menneske bli ei ugløymande oppleving for kvar som kom han nær. Hans kvasse, gløgge tanke, hans åndelege vengefang, hans uredde sanningsvilje, hans frigjering Frå alle fordomar, hans manndige idealisme, hans evne til å skilja sak Frå person, til å verdsetja menneske om synsmåtar og meiningar skilde, hans riddarlege livsform, som let han vera med i så mang ein strid med ein alltid skinande blank skjold, hans varme venehug, hans sølvlause medansvar i folkeleg og medmenneskeleg livsstrid - alt dette gjorde at ein fekk tru på og age for and og menneske adel i samsvar med Bergsgård. Utan å vera nokon kyrkjekristen, hadde han den djupe vyrdnad for religiøsitet og kristendom. Og ette r kvart kom vel problem av dette slaget til å arbeide jamt sterkare i hugen hans. - Gjennom ein lang arbeidsdag bremsa eit veikt hjarta på skaparviljen hans. Tross i det har hans liv dei rikaste frukter av åndskraft og kulturevne. Når no denne ånd har sovna inn, og dette hjarta har stogga sine slog, må ikkje det varsla avvikt på ånds- og hjartefronten i notida i det heile. Det bli r i alle tilfelle eit tomrom, ei stor, står sakn etter han." Den 8. november 1954 heldt Vitskapsselskapet i Trondheim ei minnehøgtid for Arne Bergsgård, som hadde vore varapresident i selskapet da han fall bort. Dr. Asbjørn Øverås tala og minte om arbeidet til Bergsgård og så m. a. at det hadde vore meiningi at han skulle ha vori heidra med Gunnerius-medaljen, den høgste utmerking Vitskapsselskapet hadde, men at han fall bort før det vart gjort. Den største gjerning gjorde likevel Arne Bergsgård som pedagog, fyrst på gymnaset, så på lærarskulen og Frå 1922 til1954 som dosent, professor og rektor på Norges lærarhøgskule. Den innverking han hadde på den store flokken av elevar og studerande lærarar, kan vel ikkje verdsetjast høgt nok. Det var ei står lykke å ha fatt sitja under kateteret hans. Eldfulle, sprakande og tanketunge var førelesningane hans. Han var ein talar av dei fremste. Det var levande ord, samlau t setja djupe merke. Denne artikkel skal slutte med ein minneartikkel i "FjellLjom" av Johan Falkberget, den gode venen hans: "I historien vil Arne Bergsgård bli å finne mellom de falne i Dagsrida, som har holdt fram helt Frå Olav fall og kommer til å gjære det til landets siste dag. Fiender av det Olav Haraldsson og Dag Ringsson kjempet for, viI det alltid være. Arne Bergsgård klarte det ikke lenger. Det jeg siste talte med ham om galdt underlig nok - det synes jeg nå - Sokrates's siste timer og hans heroiske død. En lyt tru det var en helt tilfeldig som tale. Na får vi aldri mer se ham eller hære hans vi se og livgiven de ord. Aldri mer skal vi gå glad og rikere frå ham. Han gjorde ikke krav på å være noen alkymist, dertil var han for lærd, men alt han rærte ved, ble likevel til gull. Vi skjønte det mens han levde. Og vi vil skjønne det bedre i sår saknad framfor den tomme stolen hans. få har forstått spiralens op pstigningsgrad som Arne Bergsgård. Han tapte den ikke av syne ett sekund. Vår lærerstand - og med den var folkeskole - fikk ved Bergsgårds død unektelig et menhogg. Jeg tenker ikke på det store fremtidige kunnskapstap - det er i dag ingen mangel på viten innen læærstanden - men mer på den ånd han var en utrettelig talsm ann for. Vi kan kalle den Wergelands, Ole Vigs, Anders Reitans og Bergsgårds samtidige Nørstebø og Høverstads ånd. Alle Dagrids-menn! Ingen av dem holdt skjold opp for seg. Vil så materialismen langsomt og uvegerlig kaste sin slagskygge over de n løftende og bærende solånden og til slutt gjøre våre folkeskoler til en sandørken? Det er det som tyder på at en ny og atskillig verre rasjonalisme står utenfor skoledørene nå enn for vel 100 år siden. Dørvakten Arne Bergsgård kan vi dessverre ikke lenger rekne med. J0, vi kan! Hans livslysende innsats vil ingen uønskede åndsstrømninger være i stand til å gjære om til intet. Det er storhet over et mannefall i Dagsrida, for der står den falne opp igjen i form av urkristelig og nasjonal vilje. Og det vil Arn e Bergsgård og gjære i lag med de andre. For så vidt skulle frykten være unødig for at en iskald materialisme og en rasjonalistisk tørkeperiode kommer til å herje det norske folkesinn. Arne Bergsgård gruet neppe for det. Han var troens man n i en tid full av tvil." - Arne Bergsgård er av dei personar som vil leva gjennom lange tider, fyrst gjennom dei verk han skapte, men kan hende mest gjennom den and som strøyme mot dei han var saman med, for and kan ikkje døy! Ikkje minst vil valdrisane hugse sin store son.
    Person ID I4599  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Father Asle A BERGSGÅRD,   b. 17 Jun 1850, Ål I Hallingdal Find all individuals with events at this locationd. 1930, Oslo Find all individuals with events at this location (Age 79 years) 
    Mother Ingeborg Nilsdtr TUNE,   b. 1866, Tune 36/2 Nørre, Nordigarden Find all individuals with events at this locationd. Yes, date unknown 
    Family ID F2377  Group Sheet  |  Family Chart

    Family Unni Normann ENGH,   b. 1886, Volda Find all individuals with events at this locationd. 1925 (Age 39 years) 
    Children 
     1. Unnleiv BERGSGÅRD
    Family ID F2378  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 20 Nov 2007 

  • Sources 
    1. [S91] Tidskriftet for Valdres Historielag, 1961 s. 245 4. hefte av VIII band (Reliability: 3).



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.