Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Bjørn Tollefsen FRØYSÅKER

Bjørn Tollefsen FRØYSÅKER

Male Abt 1630 - 1708  (~ 78 years)

Personal Information    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Bjørn Tollefsen FRØYSÅKER 
    Birth Abt 1630  Frøysåk, Hallingdal Find all individuals with events at this location  [1
    Gender Male 
    Death 1708 
    Notes 
    • Litt um den store ætti frå Frøysåk i Gol. Av Torstein Rudi. Da dei tok til a dyrke kornet for alvor i Hallingdal, fann dei ut at dei laut finna ein god åker som skulde høyre guden Frøy til. Frøysåker kalla dei åkeren, dei endeleg fann god nok. Hovdingen i bygdi stelte med frødyrkingi, og passa eigedoman e til guden. Det kom andre tider, og det vart ulovleg å dyrka Frøy. Frøysåk kom vonleg i eige at kyrkja, og seinare vart det odelsjord. Ein finn garden som sete at ei vidgreina slekt, som hadde mange eigedomar. Arne heitte mannen som svara skatten av Frøysåk i 1623. Han svara samstundes skatten av 8 andre eigedomar, so han retta vonleg fra rikingar i bygdi. Namnet Arne kjem seinare att i ætti, og Tollef som noko seinare åtte Frøysåk, var vel truleg sonen hans Arne. I alle fall var han odelsmann til garden.

      Tollef var gift med Ingebjørg Halvorsdotter, som var Ira Valdres. Dei hadde ei dotter som i gamle papir er nemnd Karen eller Kari. Ho var i nokre ar gift med Eirik Fossheim (1644-1725). Ho hadde nok vore gift før, og ho hadde ungar. Og arven til desse styrde han Eirik med. I Rettsboki for Hadeland, Land og Valdres for 6/6 1696 les ein at Bjørn Frøysåk - ved sonen sin - kravde Eirik Fossheim for arv som desse borni skulde hava. Erik la da fram skiftebrevi etter kona si, og på dette var det gjeve kvittering for arve n deira. Men Ola Frøysåk påstod at det stod att renter for 7 ar. Ein les i rettsboki: "Eirik Fossheim tilstod at han på sin salige kvindes vegne havde modtaget arv efter Bjørn Frøsaggars fader Tollef Frøsaggar." Retten fann at Eirik hadde gjort rede for seg, so ein kom ikkje lenger med dette. So la dei fram stevning mot Amund Simle for noko hans formann Ole Jørgensson stod til rest for. Det skulde vera 36 dalar og 3 ort. Men dei svara at 24 dalar var arven til mor hans Ole Jørgensson. Bjørn Frøysåk var morbror hans 0la. Og so var de t uppgjerd um rentene. Dei kom ikkje til avgjerd i rettsmøtet um det heller.

      Det ser ut som at fleire døtrar frå Frøysåk hadde vore gift i Valdres, soleis på Semle, og på Kvåle i Røn, men dei papiri som skulle gjeva kunnskap um dette er ikkje lette å finna. Ole Jørgensson er visst dotterson til Tollef Frøysåk. Bjørn Tollefsson Frøysåk er nemnd i "Hallingdalens Historie I" s. 175. Han var stor, sterk og velståande. Han var gift 2 ganger og var far til 18 born, som alle fekk kvar sin gard i arv, segjer segni. I Golskyrkja fann ein for lenge sidan eit stor t bilete der ein såg ein stor og sjølvbyrg mann med 2 kvinnfolk attåt seg - og 18 born. Dette skulle vera bilete av Bjørn og familien hans, så folk. Og nokon annan kunna det ikkje godt vera heller. Men biletet fekk ikkje vera i kyrkja. De t er no i Norsk folkemuseum. Kr. Visted har teke det inn i avtrykk i band II s. 193 av Norsk folkekultur. Dette skal vera det einaste døme på at biletet av ein bonde med familie fekk hava plass i ei kyrkja i Noreg.

      Sigurd Reinton sa meg ein gong at Bjørn ei tid var lensmann i Gol. Han skulde ha vore ein hovdingnatur, som det ikkje lønte seg a reisa strid imot. Truleg heitte den eldste sonen til Bjørn Tollef. Men han vart visst ikkje gamal. Ola, som møtte i retten i 1695 var visst ikkje den einaste av gutane som heitte Ola. For den yngste og heitte Ola. Han var fødd 1702. Truleg er biletet i kyrkja da måla seinare enn 1702, for den minste har kome med. Biletet har elles verd med di det syner koss folk i Hallingdal da gjekk kledde. Bjørn Frøysåk kjøpte i 1707 i ein handel Sør-Fjell, Nord-Fjell, Hestkind, Berg og Myre i Etnedal. Dette hadde visst alt vore statseige, og hadde vorte selt til ein ringeriking nyst før. I 1708 døydde Bjørn. Skifteboki for Hallingdal frå denne tidi har ikkje noko um skiftet på Frøysåk, for Bjørn hadde ordna med skiftet sjølv. Mikkel heitte den som kom til å verta buande på Frøysåk etter faren. Etter han heitte brukarane skiftevis Bjørn og Mikkel til dei pålag 1780 bytta burt dette gamle odelssetet mot ein gard i Nes. Kva namn den fyrste kana hans Bjørn bar, har eg ikkje funne ut. Guri Eivindsdotter heitte den andre kana hans. Ho skulde flytte til Juve i Land etter ei avgjerd Bjørn hadde stadfest. Det fall ikkje lett for henne å flytte på vinterføre, og so søkt e ho amtmannen um løyve til å få utsett reisa til sumaren kom. Søknaden lyder slik: Høyredle og Welboerne Justisraad og Amtmand Nådige Herre "Som det haver sig tildraget at min salige mand forleden aar i November har ladet holde skifte over hvis han var eyende af løst og fast og i blandt andet gjorde en forening med hans eldste sønner, mine stedbørn at de efter hans død skulde niude aasædet Frøsagger til Besiddelse og at jeg og mine smaa flytte til Juve i Lands Prrestegield, da som det vil falde mig meget kostbart og besværligt om jeg skulde tvinges til efter samme forening til vaaren at fråfløtte bem.te min paaboende gaard Frøsagger, bed jeg ydmygst at Deres Welbaarenhed vilde yde mig den naadige asistanse og til- stede mig at forblive paa Gaarden anstundende vaar i hen- seende at det er mig ganske umuligt at fløtte mine midler over Fieldet i denne Waar til Land, saasom Isen med Sneen ikke gaar af Fineidet saa den kan blive farendes før langt ud paa Sommeren, ei heller kand jeg faa gaarden betegnedes Juve til brugs efter loven i tilstundende vaar saasom Lei- lændingen ei er i rette Tiid der fra er afsagt, huilket om jeg ei skulde blive bønhørt vilde forsage mig med mine smaa børn stor fortræd og skade Ia for dette aar at blive ganske husvild, hvorfor jeg herved anholder om en naadig Bønhø- relse saasom jeg Welbaarne ex.te 1) Justisraad og Amtmands allerydmygste Tienerinde. Guri Salig Biørn Frøsaggers. 1) Excellente. 2) Efter Suplicantindens begæring underdanigst opsat af stædets sorenscriver Christian Muller. Amtmannen skreiv på soleis: "Naar Gud vil ieg opkommer til Tingene, skal jeg giøre mit bedste i mindelighed at forunde suplicantinden med hen- des Stiffbørn om hvad Hun ved dette andragende begiærer. Thi paa anden maade staar det ikke i min magt fra rettens forhandlinger og giørde foreninger at dispensere. Bragernres 3 Januari 1710."

      Guri Eivindsdotter kom til Juve i 1710. I papiri som ligg på Juve er nemnt ein Ole Frøsager som døydde i 1726. So var det ein som heitte Eivind, som heller ikkje vart gamal, og det ser ut som Gullik Bang er gift med Marit Bjørnsdotter Frøsager. Hå kon heitte ein av dei, men han og døydde tidleg. Dei høyrde nok med til dette syskenlaget desse. Tollef var truleg den eldste av gutane i den andre ekteskapen hans Bjørn. Han vart gardbrukar på Juve, og der er ætti enno i bløming. Ola, den yngste sonen, fekk dei 2 Fjells-gardane i Etnedal. Han gifta seg med ei jente fra Esbjug, og so kjøpte han Hasvold, der ætti enno er eigar. Gardane han hadde i Etnedal, selde han truleg til skyldfolk. Det er vel truleg at fleire av eigedo mane dei hadde i Etnedal kom til a høyra til folk av ætti.

      Tor Bjørnsson kom til Berge i Lomen sokn. Men han Arne, ein eldre bror, fekk eigedomen, da han hadde betre odelsrett enn han Tor. Tor budde difor i Skatrud i mange år. Han gifta seg med ei enkje, Marit Mathiasdotter Robøle. Ho hadde odelsrett ti l Robøle og til øvre Skattebu. Dei nytta odelen, og da Tor var eigande mange pengar, vart dei ved desse gardane. Men før dei hadde flytt frå Skatrud, døydde ho Marit. Dei hadde ein son, Torleiv, som vart eigar av Skattebu, og ætlingane han s er på garden enno, og ætti er vidgreina. Mange gåverike og dugande folk har kome av denne ætti frå Frøysak i Gol.
    Person ID I46849  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Family ID F17224  Group Sheet  |  Family Chart

  • Sources 
    1. [S91] Tidskriftet for Valdres Historielag, 38. ?rgang 1961 4 hefte av VIII band s.263 (Reliability: 3).



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.