Notes |
- He owned Semelenge from about 1424. He was also a juror (lagrettemann) (gulatingslagmann) at Bjørgo in 1431 and probably lived there as his principal residence.
From Jo Rune Ugulen's Thesis, p. 487:
4.50 Jogrim Audunsson og Holte Toresson
SAK 629: 18. oktober 1419, Lærdal: Salsbrev frå biskop Aslak [Bolt] i Bergen. Han vedgår å ha selt til ærleg mann Jogrim Audunsson, si jord i Solvorn i Sogn, som sira Henrik, tidlegare prest i Hafslo, gav til biskopen med åkerteigar, hus og alt anna.2027 Jogrim Audunsson er nemnt første gong i denne saka. I 1421 medseglar han eit salsbrev i Sogndal i Sogn,2028 og i 1422 er han medutferdar av to vitnebrev i Valdres, og begge gongene er han nemnt først av dei som utferdar.2029 På Semelenge i Valdres i 1424 utferdar Audun Rolvsson, Jogrim Audunsson, Fartegn Filippusson og ein mann til eit vitnebrev om jordsal i Valdres.2030 Ettersom Fartegn Filippusson er versonen til Jogrim, fekk dette Asgaut Steinnes til å rekna med at Audun Rolvsson kunne vera far hans.2031 I 1427 er han nemnt då han medseglar eit gjeldsbrev i Bergen, 2032 og i eit brev frå 1431 kjem det fram at han må ha vore gulatingslagmann, då det er omtalt ei .2033 Dette er også siste gong er har funne han omtalt i kjeldene. Tilknytinga til aristokratiet er tvillaus. Sira Henrik har eg ikkje funne meir informasjon om. SAK 630: 7. januar 1451, Kvål i Valdres: Vitnebrev frå sira Nikolas Jonsson, prest på Vang i Valdres, Anund Bjørnsson og Brand Kolsson, lagrettemenn. Dei var til stades då Fartegn Filippusson og Magnhild Jogrimsdotter, hustrua hans, lyste for dei at dei kvitterte Torkjell Torkjellsson for den arven han hadde teke til seg på vegne av hustru Gjertrud Audunsdotter.
2034
Fartegn Filippusson er tvillaust identisk med han som er nemnt i brevet frå 1424 ovanfor, og må
vera versonen til Jogrim Audunsson ettersom han er gift med Magnhild Jogrimsdotter. Ut over
2027. DN II, nr. 652.
2028. DN V, nr. 542.
2029. DN I, nr. 681; DN II, nr. 667.
2030. DN II, nr. 678.
2031. Steinnes 1942, s. 306.
2032. DN III, nr. 688. Han er rett nok kalla i den trykte brevteksten, men det kan knapt vera tale
om andre.
2033. DN II, nr. 706.
2034. DN II, nr. 791.
Figur 145. Seglet til Jogrim
Audunsson frå 1427 ( DN III,
nr. 688). Teikning i NRA, KA.
Page 488:
desse to breva er han berre nemnt i eit brev frå 1415, der han opptrer saman med ein Filippus Fartegnsson, som truleg er far hans.2035 Hustru Gjertrud Audunsdotter er berre kjent frå dette eine brevet, men må rimelegvis vera ei søster av Jogrim Audunsson. Hustrutittelen hjå henne vitnar om at ho må ha vore gift med ein væpnar. Tavle 35. Jogrim Audunsson, Holte Toresson og Fartegn Filippusson.2036
SAK 631: 24. juni 1452, Nornes i Sogndal: Vitnebrev frå Englike Jensson, kongens hirdmann,
Tomas Eindridesson, Finn Håreksson og Einar Olavsson, lagrettemenn i Sogn. Dei var på Nes
i Norum då Holte Toresson, rådmann i Bergen, pantsette til hustru Gudrun Jonsdotter 18
laupsbol i Oma (Strb 38– 39) i Strandebarm kyrkjesokn i Sunnhordland, inntil han eller arvingane
hans løyser inn jorda igjen. Til stades var også arvingane hans: sonen Tore Holtesson,
dottera Gudrid Holtesdotter, og mågen hans Svein Torgilsson.2037
18. januar 1478, [Bergen?]: Vitnebrev frå Torstein Øysteinsson, Gaute Jørundsson, Hallstein
Kolbjørnsson og Aslak Arnfinnsson, lagrettemenn i Sunnhordland. Dei vitnar at avlidne
Holte Toresson eigde påkjærelaust i den garden som heiter og ligg ved bryggja i
Mariakyrkjas sokn i Bergen i meir enn 60 år, og at han arva den etter far sin.2038
2035. DN XII, nr. 159. Jf. Steinnes 1942, s. 305– 306.
2036. Jf. H. Sollied og P. Sollied 1927; Steinnes 1942; Handegård 2004, kap. 1.
2037. DN IV, nr. 928.
2038. DN XXIII, nr. [106]. B. Lorentzen 1951, s. 112, meiner dette må vera garden Schulten som låg på Bryggen. Jf.
G. Solberg 1975, s. 185– 186.
Audun Rolvsson, Fartegn
n. 1424
hustru Gjertrud Jogrim Audunsson, Filippus Fartegnsson Fridrek Fartegnsson, ~1 Undena 2~ Holte Toresson
Audunsdotter, gulatingslagmann, n. 1411– 1415 rådmann i Bergen,
n. 1451 n. 1419– 1431 n. 1429– 1452,
† før 1478
Magnhild Jogrimsdotter g. m.Fartegn Filippusson Tord Fridreksson Tore Holtesson Gudrid
n. 1451 n. 1415– 1451 n. 1452 Holtesdtr,
n. 1452,
~ Svein
Torgilsson
n. 1452
Margreta Fartegnsdotter Anna Fartegnsdotter [2]
|