Surname Genealogy Pages

Print Bookmark
Nils Kristoffersen HEEN

Nils Kristoffersen HEEN

Male 1913 - 1999  (86 years)

Personal Information    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Nils Kristoffersen HEEN 
    Birth 1913  Heen 71/ Find all individuals with events at this location  [1
    Gender Male 
    Occupation
    • grb og bureiser 1950-
    Residence Heen 71/8, Høgvoll Find all individuals with events at this location  [2
    Death 3 Dec 1999  Austreim 72/2 Find all individuals with events at this location  [3
    Notes 
    • Han bygde først bureisingsbruket 71/8 Høgvold under Heen, så flyttet han til Austreim 72/2 Fra "Valdres" 21/12-1999 Nils K. Heen døydde i heimen sin med sine næraste rundt seg den 3. desember. Han vart 86 år gamal. Dagane var brukte opp og time glaset var runne ut, også for han Nils. Nils vaks opp i Heensbygda, på den sørre av Heensgardane, i ein stor syskenflokk. Tidleg fekk han prøve livets harde alvor, då faren døydde medan ungane var små, og det vart va nskelege år for familien. Men det måtte gå, og dei kom gjennom det. Då han Nils vart vaksen, fek han kjøpe eit jordstykke frå farsgarden og unge Nils tok til som bureisar. Han gjekk i gang med friskt mot, men tida som bureisar vart ikkje veldig lang. Det fall se slik at etter at han vart gift med Marit, vart dei gardbrukarfolk på ein av Austreimsgardane, og det vart her at han Nils la ned livsverket sitt. Her var oppgavene mange, husa var gamle og tungvinde og det var nok å ta fatt på for unge og villige folk. Nils var ein hendig kar, noko som kom godt med då garden skulle byggjast oppatt. I dag er alle husa av nyare dato og jorda er i god stand. Den nye generasjonen har forlene,st take over, og dei driv garden på ein framifrå måte. Dette gledde nok den gamle brukaren, som sjølv var ein god støttespelar. Om han var kornen opp i høg alder, tenkte vi aldri på at han Nils var garnal, sterk og frisk som han var. Vi var so vane med å sjå han i det daglege arbeidet, med dyra i fjøset eller på veg til stølen med traktoren. Men sjukdom kan ingen gardera seg mot, og dette siste året vart han Nils mykje redusert. No vart dagane tunge og kome gjennom, han orka so lite no, og arbeidsda en var slutt for han som støtt hadde hatt arbeid mellom hendene. Vi kjem til å sakne han Nils, han høyrde so avgjort til her, han var med på å gje bygda ein profil: Vi vil alltid hugsa dei treffande replikkane og den gode spøken, som han var ein meister til å koma med når det høvde slik. Han Nils var hjelpsam, det var so lett å spørja han om ei teneste, han gjekk gjerne frå sitt eige arbeid for å hjelpe andre. Eg veit at etter at han kom inn i vår familie var det godt å ha ein slik hjelpsam og hendig kar å gå til om noko vanskeleg arbeid skulle utførast. Takken kjem helst for seint, tiden la desse enkle minneorda vera min takk for hjelp og støtte og for alt triveleg samvær i arbeid og fritid gjennom meir enn 50 år. Vi unner deg kvila, men saknar deg sårt Fred med minnet ditt Nils. Knut Edvin
    Person ID I663  Valdres Slekt
    Last Modified 20 Nov 2007 

    Father Kristoffer Andrisson HEEN,   b. 1877, Heen 71/1 Øvre Find all individuals with events at this locationd. 1918, Heen 71/1 Øvre Find all individuals with events at this location (Age 41 years) 
    Mother Ingrid Nilsdtr ROGN,   b. 1879, Rogn 85/ Find all individuals with events at this locationd. 1955, Heen 71/1 Øvre Find all individuals with events at this location (Age 76 years) 
    Marriage 1900 
    Family ID F430  Group Sheet  |  Family Chart

    Family Marit Andrisdtr NEFSTAD 
    Children 
    +1. Kristoffer Nilsen HEEN,   b. 1 Oct 1946, Austreim 72/2 Find all individuals with events at this locationd. Austreim 72/2 Find all individuals with events at this location
    Family ID F429  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 20 Nov 2007 

  • Sources 
    1. [S324] Anders Frøholm, Frøholm B, (Valdres Bygdebokfoirlag 1990), 307 og 326 (Reliability: 3).

    2. [S278] Gårdbruk i Valdres, (Forlaget Norske Gårdsbruk, Diplomingeniør Lars Berg 1950).

    3. [S169] "Valdres", dødsannonse.



This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Your Name.