1845 - 1895 (49 years)
Generation: 1
Generation: 2
Generation: 3
4. | Gudbrand Johnsen ROBØLE (2.Ingebjørg2, 1.Gro1) was born on 20 Sep 1900 in Robøle 30/1 Øs; died in 1960 in Robøle 30/1 Øs. Notes:
Han lot gården gå videre til søsteren Ragnhild Kristine.
Occupation:
grb
|
9. | Ingvar Johnsen ROBØLE (2.Ingebjørg2, 1.Gro1) was born on 11 Feb 1911 in Robøle 30/1 Øs; died on 25 May 2001 in Robøle 30/1 Øs. Notes:
Ingvar Robøle Det har teke lang tid før eg retteleg forsto at du for alltid var borte - du som alltid hadde vore her frå eg som treåring kom til gåden. For meg var du sjølve symbolet på tryggleik og harmoni, ein heiderskar i all di ferd Eit komplisert beinbrot lenka deg tilrullestolen dei siste åra, men du klaga aldri over lagnaden, i motgang eller smerter. Trass dine levde 90 år, vart du aldri gamal for meg. Di vakne interesse for alt på garden, skiftingane i årstidene og venleiken i naturen gav deg rike sanseinntrykk som du villig delte når nokon stakk innom. Like til det siste prøvde du å fest e stemningane til lerretet. Endå står fargene dine o staffeliet framme i stova, slik du etterlot det. Minne frå ein lykkeleg barndom på garden og sumrane på Fagerstrand var det du helst ville tala om. Erindringane om fiellturane på toppane i Jo tunheimen gjenskapte du i vakre målarstykke. Slekt, venerog besøkande kom sjelden tomhendte ut frå huset ditt. Ytra nokon frampå om at det eller det biletet var godt, sa du gjerne at dei kunne få det. Mange har slike minne hengande i heiman e - vitnesbyrd om eit gåverikt og raust menneske, som du var. Det du har betydd for oss alle på garden og for meg især - kan ikkje målast. Dine haldningar og verdisyn har vorte leietrådar i eige liv. Di interesse for livet på garden med folk og fe - hadde du like til det siste. Frå plassen ved vindauge fylgde du hundane sin leik, gåsa si plasking i dammen eller hønene sitt liv i "sumarboligen" i hagen. Du fylgde med i traneflokken si gjestin g på jordene her og tida då flyttfuglane kom og for. Kvart hus som vart istandsett på garden eller stølane, synte du iver og takksemd over. Kvar ting vart observert og kommentert, du var til det siste ein vaken iakttakar. Av dei mange minna frå barneåra med deg er kanhende teiknekveldane ved kjøkenbordet der du trylla fram raske dyreskisser eller artige karrikaturer av kjentfolk, dei morosamaste. I ein eigen glans står skogs- og fjellturane med tantene, onkel Knut og deg. Kjærleiken til naturen åtte vi i lag, ofte vart børa heim med røter, stein og planter stor. Minna er mange, og saknet stort, men enkelte gledesstunder og opplevingar gl itrar og skin enno i hugen. Ein stor takk for samvær og hugnad i alle år.- Fred med. ditt gode Minne. Ei siste helsing frå Laila
|
Generation: 4
This site powered by v. 14.0.3, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.
Maintained by .